Til vår forskingsstasjon på Fureneset søkjer vi

Forskingsteknikar / driftsteknikar

Nøkkelinformasjon

Arbeidsområdet er primært forsøksarbeid knytt til feltforsøk i eng, drift og vedlikehald av jordbruksareal. Ein må også rekne med vedlikehaldsarbeid på maskiner og bygningar ved forskingsstasjonen.

NIBIO Fureneset ligg lengst vest i Fjaler kommune i Vestland og driv med forsking og utvikling innan grovfôrproduksjon på Vestlandet. Stillinga har kontorplassering på stasjonen.

Hovudoppgåvene til stillinga

  • Praktisk gjennomføring av feltforsøk i eng
  • Delta i planlegging av feltforsøk
  • Uttak og bearbeiding av prøvemateriell
  • Enkel behandling av innsamla data
  • Drift og vedlikehald av jordbruksareal
  • Vedlikehald av forsøksutstyr, maskiner og bygningar
  • Delta i felles driftsoppgåver ved behov

Avhengig av bakgrunn kan det bli aktuelt å tillegge stillinga større grad av planlegging og ansvar (med innplassering i kode 1085 avdelingsingeniør).

Kvalifikasjonskrav

  • Landbruksfagleg utdanning, minimum frå vidaregåande skule. Anna utdanning med relevans for stillinga sine arbeidsområde kan og vere aktuell.
  • Erfaring med praktisk jordbruksdrift
  • Førarkort for bil og traktor
  • God kunnskap i norsk  

Det er ein fordel om du har

  • Erfaring med vedlikehald av bygningar og maskiner
  • Erfaring med praktisk forsøksarbeid i jordbruket
  • Bachelorgrad innan agronomi, jord- og plantefag eller landbruksteknikk

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og nøyaktig
  • Evne til samarbeid og bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Praktisk anlagt og løysingsorientert
  • Interesse for forsking og utvikling
  • Fleksibel med omsyn til varierande arbeidsoppgåver og arbeidstrykk, særleg i vekstsesongen

Vi tilbyr

Stillinga er plassert i det statlege lønsregulativ som ingeniør kode 1275 eller avdelingsingeniør kode 1085, lønssteg 43 – 56 (kr 404.400 – 498.800 pr år),  avhengig av kvalifikasjoner.

Medlemskap i Statens Pensjonskasse, noko som inneber ei god tenestepensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring, og tilbod om bustadlån til ei gunstig rente.

Det er hus til leige på stasjonen.

Treng du meir informasjon?

Kontakt stasjonsleiar Synnøve Rivedal på tlf 975 85 474 eller driftsleiar Helge Mundal på 977 42 093.

Korleis søkja på stillinga

Søknad med CV sender du elektronisk via lenkje på denne sida, “søk stillinga”.
Vitnemål og attestar skal takast med ved eit eventuelt intervju, eller leggjast ved elektronisk.

Andre opplysingar

Vi legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkja – uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, hol i CV, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Som statleg verksemd har vi moglegheit til å gi ein positiv særbehandling for søkjarar som har funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn. Positiv særbehandling inneber mellom anna at du lettare vil komma til intervju.
Les meir om dette her.

Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan verte gjorde offentlege, jf. Lov om rett til innsyn i dokumenter i offentleg verksemd (offentleglova), § 25. Ein søkjar kan be omunntak frå oppføring på den offentlege søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Om NIBIO og avdelinga

NIBIO arbeider med landbruk, mat, klima og miljø. Vi leverer forsking, forvaltingsstøtte og kunnskap til bruk i nasjonal beredskap, forvalting, næringsliv og samfunnet elles. NIBIO har hovudkontor i Ås i Akershus, har om lag 700 tilsette, og er til stades i alle landsdelar. Landbruks- og matdepartementet er eigar av NIBIO.

NIBIO Fureneset er ein av fleire forskingsstasjonar i NIBIO.
Det er 8 fast tilsette som har arbeidsstad på stasjonen. Fureneset har 220 dekar dyrka jord og med skog og utmark er eigedomen på 746 dekar. Årleg er det kring 40 feltforsøk på Fureneset. I tillegg til drift, vedlikehald og gjennomføring av feltforsøk på jordbruksareala, har stasjonen utleige og mange bygningar å vedlikehalde. Les meir om NIBIO Fureneset her.

Søknadsfrist

31. mai 2021

Kommune

Fjaler

Omfang

Heiltid

Varigheit

Fast

Arbeidsstad

Fjaler i Vestland

Forskingsteknikar / driftsteknikar – NIBIO – Jobbnorge – ID205890