Vil du blir vår nye økonomisjef?

Stranda kommune har ledig stilling som økonomisjef. Økonomisjefen i Stranda kommune vil få ei viktig leiarrolle i rådmannen sin stab og ha dagleg ansvar for økonomiavdelinga.  

Økonomisjef

Økonomisjefen skal legge til rette for god økonomistyring og -forvaltning i kommunen, og skal vere ei god støtte og rådgjevar for rådmann og kommunen sitt øvrige tenesteapparat. Vi søkjer deg som har gode kommunikasjonseigenskapar og kan trivast med å arbeide i skjeringspunktet mellom politikk og administrasjon. Du må takle eit hektisk arbeidsmiljø med stramme tidsfristar, mange førespurnadar og spørsmål. 

Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsettinga skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal lastast opp som vedlegg til søknaden. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.

Arbeidsoppgåver

  • Overordna ansvar for økonomi- og rekneskapsområdet
  •  Strategisk planlegging og rådgiving for kommunen si politiske og administrative leiing innanfor det økonomiske fagfeltet
  •  Fagleg ansvar for utarbeiding og oppfølging av budsjett
  •  Utarbeide økonomiske analysar og rapportar
  •  Fagansvar for tilsette i økonomiavdelinga
  •  Sakshandsaming etter behov og oppfølging av politiske vedtak
  •  Kontakt med finansinstitusjonar   

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning innan økonomi/rekneskap
  • Relevant erfaring frå tilsvarande rolle og/eller oppgåver
  • God rekneskapsforståing
  • Gode IT- kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Gode leiar- og samarbeidseigenskapar
  • Analytisk og strukturert
  • Sjølvstendig
  • Høg arbeidskapasitet

Vi tilbyr

Stranda kommune kan tilby ei utfordrande og interessant leiarstilling i ei kommune med sunn, men stram økonomi. Du vil få ei sentral rolle i leiargruppa med høve til å påverke, utvikle og forbetre økonomiområdet.

Ønskjer du meir informasjon om stillinga er du velkomen til å kontakte våre rådgjevarar i Yapril AS, Marius Halvorsen 922 95 786 eller Vidar Skjørli 415 77 421. Alle søknadar og henvendingar vert handtert konfidensielt, om ynskjelig også ovanfor oppdragsgjevar i den innleiande prosessen.

Søknadsfrist: 23. september 2020

Har du spørsmål?

Marius Halvorsen
Management Consultant
Yapril Ålesund og Molde

Vidar Skjørli
Management Consultant
Yapril Molde

Stranda kommune

Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca.4.600 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.

Yapril – Stranda kommune – Økonomisjef