Har du lyst til å bli ein del av Statens naturoppsyn og jobbe med verneområde på Sunnmøre?

Rådgivar/seniorrådgivar - SNO

Om stillinga

SNO er ei avdeling i Miljødirektoratet og er det operative feltorganet til direktoratet. Vi fører tilsyn med at avgjerdene i miljølovgivinga blir overhalde gjennom kontroll, informasjon og rettleiing, og arbeider med registrering, dokumentasjon, skjøtsel og tilrettelegging i naturen. Avdelinga har om lag 100 tilsette fordelte på 56 lokalkontor i heile landet, og har i tillegg ein sentral stab lokalisert i Trondheim. 

Vi søker ein erfaren og sjølvstendig medarbeidar som blir motivert av Statens naturoppsyn (SNO) sine arbeidsoppgåver. Dei viktigaste arbeidsoppgåvene for seksjonen er verneområdeoppsyn, skjøtsel, restaurering og nedkjemping av framande artar i tillegg til tilrettelegging og overvaking i verneområde. Andre oppgåver som lakseoppsyn, motorferdselsoppsyn, kulturminneoppsyn og sjøfugloppsyn inngår òg. 

Denne stillinga har det geografiske ansvarsområdet sitt på Sunnmøre og har kontorstad i Ålesundsområdet. SNO har òg kontor i Geiranger som blir disponert av SNO-personell i regionen. Stillinga er tilknytt seksjon naturtilstand areal som har 15 medarbeidarar. 

Sentrale arbeidsoppgåver

  • fagansvar for Geiranger-Herdalen landskapsvernområde. Dette inneber å samarbeide med forvaltningsstyresmakta og verdsarvstiftelsen og koordinere SNO sitt arbeid i område
  • naturoppsyn i verneområde på Sunnmøre, medrekna restaurering, skjøtsel, nedkjemping av framande artar, tilrettelegging og overvaking i verneområde i samsvar med bestilling frå statsforvaltar/forvaltningsstyresmakt 
  • regionalt fagansvar i Møre og Romsdal for bevaringsmål (overvaking) i verneområde og uttak av framande treslag i verneområde. Dette inneber å koordinere og følgje opp arbeidet i fylket i tett dialog med forvaltningsstyresmakta 
  • lakseoppsyn på Sunnmøre 

Det vil òg vera aktuelt å delta i andre arbeidsoppgåver som motorferdselsoppsyn og kulturminneoppsyn. Alle tilsette i lokalt SNO er tillagt kontrolloppgåver etter naturoppsynlova, og ein må rekne med å måtte bidra i oppdrag på tvers av fagområde og seksjonar, i og utanfor eigen region. 

Liv Byrkjeland

Kompetansekrav

Kvalifikasjonar

  • relevant høgare utdanning på masternivå, fortrinnsvis innan naturvitskaplege fag. Særleg relevant realkompetanse kan vege opp for kravet til utdanning. 
  • relevant praksis og kompetanse om restaurering, skjøtsel og tilrettelegging. Skogbrukskompetanse vil telje positivt. Du må ha generell god reiskapskunnskap. 
  • erfaring frå feltbasert kontroll- og oppsynsarbeid  
  • generelt god biologisk kunnskap 
  • god kjennskap til relevant forvaltningsapparat  
  • god digital kompetanse, medrekna erfaring med bruk av vanlege Office-program  
  • god munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk 
  • Du er sjøvant og har bestått båtførarprøva. Maritimt VHF-sertifikat vil telle positivt. Teknisk innsikt i båtdrift  er ein fordel. Helseattest frå sjømannslege må synast fram før tiltreding i stillinga.  
  • førarkort klassa S og BE innan tiltredingsdato 

I tillegg er det ønskeleg at du har god lokalkunnskap.  

Eigenskapar

  • du trivst med å arbeide sjølvstendig og tar ansvar for framdrift og kvalitet i leveransane dine 
  • du samarbeider godt med andre, er omgjengeleg og evner å handtere vanskelege situasjonar på ein diplomatisk måte 
  • du er god til å planlegge, organisere og gjennomføre i tråd med gjeldande instruksar 
  • du rapporterer raskt og presist på dei oppgåvene som blir utførte 
  • du har gode kommunikasjons- og formidlingsevner og ser nytten av å dele informasjon på tvers 
  • du har god rolle- og forvaltningsforståing 
  • du er fleksibel og handterer høgt arbeidspress i kortare periodar 
  • du er praktisk, liker feltoperativ teneste og er flink til å sjå løysingar 

Vi tilbyr

  • fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar
  • ein spennande og utfordrande jobb der du bruker mykje tid i operativt feltarbeid
  • gode høve for fagleg og personleg utvikling
  • eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert trening i arbeidstida
  • fleksible arbeidstidsordningar og gode pensjons- og bustadlånordningar i Statens pensjonskasse
  • lønn som rådgivar frå kr. 498 800 (ltr. 56) til kr. 586 500 (ltr. 65), eller som seniorrådgivar frå kr. 535 200 (ltr. 60) til kr. 670 100 (ltr. 72) etter erfaring og kvalifikasjonar. Særleg kvalifiserte søkarar kan vurderast høgare. 

Spørsmål om stillinga og korleis søke

Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Liv S. Nilsen, tlf. 99509964 eller e-post: liv.sigrid.nilsen@miljodir.no.  

Du sender søknad med relevante vitnemål og attestar elektronisk gjennom Jobbnorge.no.

Last opp vitnemåla dine gjennom Vitnemålsportalen.

Merk søknaden: 28-2021 SNN

Søknadsfrist: 24. mai 2021

Det vil bli utarbeidt offentleg søkjarliste ved søknadsfristen sitt utløp. Opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjord sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jmf. offentleglova §25. Dersom oppmodinga ikkje vert etterkomme, skal søkjaren ha melding, og skal bli gitt høve til å trekkje søknaden sin.

Her er lenke til vår personvernerklæring.

Som IA-bedrift ønskjer vi ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere fleire personar med redusert funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn.

For oppsynsstillingar i SNO er det nødvendig med god fysisk helse. 

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst éin søkjar i kvar av disse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i disse gruppene, det vil si positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.

Les mer om krava på Arbeidsgiverportalen.

Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkrysningane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlige verksemder rapporterer i sine årsrapporter.

Om oss

Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Hovudoppgåvene våre er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining.
Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet og har om lag 730 faste tilsette ved kontora våre i Trondheim og Oslo, og i Statens naturoppsyn (SNO), som er lokalisert 58 stader i landet. 

Søknadsfrist

24. mai 2021

Arbeidsgivar

Kommune

Ålesund

Omfang

Heiltid

Varigheit

Fast

Arbeidsstad

Ålesund

Rådgivar/seniorrådgivar – SNO – Statens naturoppsyn – Jobbnorge