Vil du leie ei kommune som opplever høg vekst i folketalet og solid næringsutvikling?

Er du vår nye kommunedirektør?

Trivast du i storslått natur og eit særprega kystmiljø, der du anar havet rett utfor trappa på huset ditt? 

Vi søkjer ein løysningsorientert leiar som trivast med å vere godt synleg i samspel med politikarar, tilsette og tillitsvalde som saman skal yte for vidare utvikling av lokalsamfunnet og levere gode tenester til innbyggjarane våre. Den rette kandidaten er engasjert og samlande, og vert motivert av å skape resultat med gode løysingar. Vi ynskjer oss ein leiar som evner å spele medarbeidarar gode, kommuniserer godt, og er ein god relasjonsbyggjar.

Giske kommune har dyktige medarbeidarar og unge, engasjerte innbyggjarar. Den nye kommunedirektøren vil spele ei naturleg hovudrolle i å vidareutvikle organisasjonen og gjere kommunen til ein endå betre stad å høyre til for næringsliv og innbyggjarar.

Vår nye lagspelar må vere ein engasjert kommunedirektør som ser verdiar i gode prosessar og er driven av resultat. I tillegg må kommunedirektøren vere ein sterk relasjonsbyggar, vere tillitsskapande og ha fine kommunikasjonsevner. 

God forståing av samspelet mellom politikk og administrasjon er ein føresetnad. Den rette kandidaten har relevant høgare utdanning, god økonomisk innsikt, relevant leiarerfaring og kjennskap til offentleg forvalting. Erfaring frå offentleg sektor er ein fordel, men solid leiarerfaring frå privat sektor, kombinert med kjennskap til offentleg forvalting, kan og fungere godt. Vi ynskjer at vår nye kommunedirektør er engasjerande, målretta, har med seg god relevant erfaring og slik verte ei tydeleg leiestjerne i organisasjonen.

Vi tilbyr ei utfordrande og spanande leiarstilling i ein organisasjon med høg kompetanse og med gode moglegheiter. Kommunedirektøren vil vere i posisjon til å påverke utviklinga i organisasjonen og i den vakre øy-kommunen vår.

Opplysingar om søkjarar kan bli unnateke offentlegheit dersom søkjaren sjølv bed om det jf. offentleglova § 25.  Du må grunngje i søknaden om du ønskjer å reservere deg mot oppføring på offentleg søkjarliste jf. offentleglova § 25.

For nærare informasjon om stillinga kontakt gjerne ordførar i Giske kommune, Harry Valderhaug, tlf. 913 85 761, eller vår rådgjevar i Yapril, Kariann Sandvik tlf. 476 35 720. Kortfatta søknad med CV sendast innan søknadsfrist 11. juni 2021.

Arbeidsgiver: Giske kommune
Stillingstittel: Kommunedirektør
Arbeidssted: Giske
Søknadsfrist: 11.06.2021
Spørsmål om stillingen
 

Giske kommune

Giske kommune har om lag 8500 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund.  Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.

Yapril – Giske kommune – Kommunedirektør