Frantz er en norskutviklet teknologi for målrettet stillingsmarkedsføring. Teknologien sørger for at du som kandidat får presentert annonser som er relevante for deg. Ved å akseptere sporing fra oss, øker du sannsynligheten for at du mottar informasjon som er relevant for deg - og indirekte fjerner du støy i din netthverdag. Formålet med våre målinger er å gi våre kunder relevant informasjon om relevans og effekt av annonseringen.
Godta alle informasjonskapsler eller endre innstillinger?
Utfordringane verda står framføre krev ny innsikt, innovative løysingar og lokal forankring. Nord universitet er eit ungt universitet med sterk regional tilknyting og eit globalt perspektiv. Vi leverer framtidsretta studietilbod og relevant forsking med fokus på blå og grøn vekst, innovasjon og entreprenørskap, og velferd, helse og oppvekst.
Nord universitet har 11.000 studentar og 1.300 tilsette fordelte på ni studiestadar.
Seksjon for eksamen og vitnemål er ei eining i studieavdelinga ved universitetet sin fellesadministrasjon. Seksjonen har 24 tilsette fordelt på 4 studiestadar, og leiast av kontorsjef som rapporterer til studiedirektøren. Seksjonen har ansvar for eksamen, vitnemål og ein del andre studieadministrative oppgåver.
Ved Nord universitet, seksjon for eksamen og vitnemål er det ledig ei fast 100% stilling som førstekonsulent/ seniorkonsulent.
Stillinga har kontorstad Bodø.
Arbeidsoppgåvene er innafor fagområda eksamen og vitnemål, som er eit spanande område under stadig utvikling. Stillinga kan også få ein del andre oppgåver i seksjonen. Innan fagområda eksamen og vitnemål ligg blant anna følgjande oppgåver:
Stillinga blir løna etter Statens regulativ, kode 1408 førstekonsulent – Ltr. 51 – 58, NOK 458 900 – 516 400 i året. Alternativt kode 1363 seniorkonsulent – Ltr. 52 – 61, NOK 466 500 – 545 300 i året. Løn etter ansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn avtales.
Frå løna går lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
Den som blir tilsett, må rette seg etter dei lover, avtalar og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Det blir teke atterhald om endring i ansvars- og arbeidsområde som følgje av framtidig organisasjonsutvikling og omorganisering ved Nord universitet.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Nord universitet oppfordrar difor kvalifiserte kandidatar med nedsett funksjonsevne, hol i CV-en, innvandrarbakgrunn og elles ulik livserfaring til å søke. Universitetet praktiserer moderat kjønnskvotering i samsvar med lokal tilpassingsavtale for hovudavtalen i Staten.
Opplysingar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV kan bli brukte til anonymiserte registreringsføremål.
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å ta kontakt med:
Søknad m/cv og kopi av vitnemål og attestar sendast elektronisk innan 25.03.2021
All dokumentasjon som det skal takast omsyn til, skal lastast opp som vedlegg til søknaden.
Fullstendig elektronisk dokumentasjon skal sendast inn innan søknadsfristen.
Etter at søknadsfristen er gått ut blir det utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv etter ønskje om å bli utelaten frå søkjarlista. Søkjarar som likevel bed om konfidensialitet, skal grunngje dette særskilt i søknaden. Søkjarane vil i så fall bli varsla på førehand om offentleggjering.
Referanse: 30071874