Juridiske rådgivarar

Om stillinga

Ønsker du å jobbe med selskapsrett, tinglysing, forvaltningsrett, konkurs, pant, ektepakt og elektronisk registerforvaltning i Noreg sitt største miljø innan offentleg forvaltning?

Avdeling for registerforvaltning har over 200 medarbeidarar. Vi har blant anna ansvar for landet sine viktigaste næringslivsregister som Føretaksregisteret, Einingsregisteret, Lausøyreregisteret, Rekneskapsregisteret og Konkursregisteret.

Vi har ledig inntil tre faste stillingar som juridisk rådgivar. Du blir med i eit stort juridisk miljø på eit høgt fagleg nivå, der du vil få ein variert arbeidskvardag med eit breitt spekter av juridiske fagområde og utfordrande oppgåver.

Arbeidsoppgåver

  • juridisk rådgiving ovanfor finansinstitusjonar, advokatar, revisorar, selskap, offentlege etatar og privatpersonar
  • utgreiingsarbeid, regelverksutvikling og klagesaksbehandling
  • prosjektarbeid, blant anna retta mot elektronisk forvaltning og implementering av lovendringar i registersystem
  • delta i samarbeidsprosjekt med andre offentlege etatar og private institusjonar
  • moglegheit for internasjonalt arbeid

Kvalifikasjonar

  • master i rettsvitskap/juridisk embetseksamen
  • spesialisering innan selskapsrett, EU/EØS-rett eller rettsinformatikk vil bli lagt vekt på
  • gjerne relevant erfaring, men også nyutdanna er velkomne til å søke
  • god formuleringsevne på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

  • du må ha interesse for samspelet mellom jus og teknologi
  • du må vere løysingsorientert og positiv til nye utfordringar
  • du må ha stor arbeidskapasitet
  • du må arbeide sjølvstendig og målretta, men også ha gode samarbeidsevner og fungere godt i tverrfaglege team

Vi tilbyr

  • interessante og utfordrande arbeidsoppgåver innan digitalisering og forenkling av Noreg
  • eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
  • gode moglegheiter for kompetanseheving og god stipendordning
  • fleksibel arbeidstid med god balanse mellom arbeidsliv og privatliv
  • moglegheit for trening i arbeidstida, godt utstyrt trimrom, bedriftsidrettslag og ulike velferdsarrangement
  • nye, moderne kontorlokale frå hausten 2021
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av landet sine beste pensjonsordningar, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
  • hjelp til å skaffe bustad

Stillinga er lønna som rådgivar med årslønn frå kr. 498 800 – 618 600, avhengig av kvalifikasjonane dine. Prøvetida er seks månader.

Inkludering og mangfold

Inkludering og mangfald er ein styrke og vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkaren oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen.

Vi oppmodar søkarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Kryssa i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Generelt

Brønnøysund er ein hyggeleg kystby med korte avstandar til jobb, fritids- og servicetilbod. Vi har full barnehagedekning og eit godt oppvekstmiljø i trygge omgivnader. For deg som liker friluftsliv er det mange moglegheiter for fine naturopplevingar til lands, fjells og i skjergarden. Vi har også eit rikt kulturliv, fleire treningssenter og idrettslag.

Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du grunngi dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om å ikkje bli ført opp på søkarliste, men du vil bli varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje blir tatt til følge.

Du må laste opp relevante vitnemål og attester for å bli vurdert som søkar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT.

Ta gjerne kontakt

Dersom du har spørsmål om stillingane kan du ta kontakt med underdirektør Øyvind Vågan tlf.: 905 62 763.

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på tlf.: 75 54 22 20 eller e-post: kundeservice@jobbnorge.no

Om Brønnøysundregistera

Brønnøysundregistera utviklar og driv digitale tenester som gjer dialogen med det offentlege enklare for personar og verksemder. Vi driv mange av dei viktigaste registera i landet og har 450 medarbeidarar.

Dei fleste jobbar i Brønnøysund. Vi har også kontor i Narvik og Oslo.

Søknadsfrist

6. juni 2021

Arbeidsgivar

Kommune

Brønnøy

Omfang

Heiltid (3 stillingar)

Varigheit

Fast

Arbeidsstad

Brønnøysund

Brønnøysundregistrene – Juridiske rådgivarar