Telemark og Vestfold ungdomshjem, avdeling Miljøheimen, søkjer etter miljøterapeutar / spesialutdanna miljøterapeutar.
På Miljøheimen er me på andre året inne i ein spanande periode med implementering av Omsorgs- og endringsmodellen. Dette inneber eit standardisert forløp i omsorgsinstitusjonane. Alle fast tilsette må forplikte seg til eit opplæringsløp i Omsorgs- og endringsmodellen/Dialektisk atferdsterapi (DBT) som er eit berande prinsipp for det metodiske arbeidet. Som ein del av vår traumebevisste tilnærming og forståelsesramme ynskjer me å legge til rette for at ungdommane på ein meir effektiv måte kan tileigne seg hensiktsmessige ferdigheiter og strategiar for å meistre livet sitt. Gjennom manualstyrte grupper arbeider me saman med ungdommane med emosjonsregulering gjennom mindfulness (oppmerksamt nærvær), trening på mellommenneskelege ferdigheiter og forståing av kva som ligg bak uhensiktsmessige uttrykk og atferd. Traumebevisst omsorg (TBO) som forståelsesramme kjem til syne i måten me møter ungdommane på. Kunnskap om samansatte vanskar og komplekse traumer vesentleg i målgruppa vi jobbar med. På grunn av personalsamansetning oppmodar vi menn til å søkje.
Me har ledig 2 x 100 % fast stilling i turnus, dag / kveld / natt. Stillingane er ledig frå 01.09.21. Arbeidet er etter einkvar tids gjeldande turnus. For 100 % stillingar er turnusen p.t. tredelt med arbeid kvar fjerde helg. For 75 % stilling natt er turnusen p.t. med arbeid kvar tredje helg. Det takast forbehald om endring av arbeidsoppgåver og turnus ved organisatoriske endringar. Ved tilsetting internt vil det kunne bli ledig andre stillingar.
Avdelingsleiar Hjørdis R. Saupstad, mobil: 466 18 245 eller epost: hjordisr.saupstad@bufetat.no
Miljøterapeut/stedfortredar Tom Erik Homme, mobil: 466 18 251 eller epost: tom-erik.homme@bufetat.no
Søknad med CV sendast elektronisk via link på denne sida.
Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit lastes opp i jobbnorge.
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat, region vest femnar om fylka Agder, Vestfold og Telemark samt tidligare Buskerud fylke. Regionkontoret ligg i Tønsberg.
Bufetat Telemark og Vestfold ungdomshjem har administrasjonsstad i Tønsberg. Enheten består av 2 institusjonsavdelinger med 12 heildøgnsplassar og 36 tilsette. Målgruppa er ungdom mellom 13 og 18 år som er plassert etter Lov om barneverntjenester. Eininga legg vekt på samarbeid med og involvering av ungdommen og familien deira. Avdeling Miljøheimen er en barnevernsinstitusjon med 6 plasser, og er lokalisert i Åmot, Vinje kommune.